Sørfoldfjorden

Sørfoldfjorden (Sørfolda) er ein fjordarm av Folda i Sørfold og Bodø kommune i Nordland.
Fjorden strekkjer seg 36 km søraustover til Straumen i botn av fjorden, men inn til botn av fjordarmen Leirfjorden er lengda totalt 40 km.

Fjorden har innløp mellom Kansteinflåget i sørvest og Blinkskjeret på Prestmåsøya i nordaust.
Grenda Tårnvika ligg på sørvestsida litt innafor innløpet, medan Rørstad ligg på andre sida.
Sør for Tårnvika går fjordarmen Nevelsfjorden sørvestover. Han har igjen Eidekjosen som sidefjord.

Litt lenger inn i fjorden går Sjunkfjorden sørover. Det ligg få busetnader langs denne delen av fjorden, men på nordsida, der Leirfjorden startar, ligg bygda Styrkesvik. På andre sida av fjorden ligg tettstaden Røsvik med Sørfold kyrkje.
På andre sida av fjorden, rett aust for Røsvik går den vesle fjordarmen Aspfjorden innover.
Ved innløpet til Aspfjorden ligg grenda Øvre Kvarv. Vidare innover i fjorden ligg fleire grender og gardsbruk langs fjorden, hovudsakleg på vestsida.

Tørrfjorden er ein annan fjordarm som går austover. Han går innover til Trengselsundet og vidare som Nordfjorden. Inst i fjorden ligg tettstaden Straumen som er administrasjonssenter i Sørfold kommune. Her ligg òg Elkem Salten ved fjorden.

Gallery Sørfoldfjorden